onsdag 8. april 2009

ferie

no har eg fri... og det er SÅ fint :)
det er vår ute, og eg kan ikkje forestille meg at eg hadde overlevd eitt sekund til med vinter. på veg til jobb i går såg eg at dei fantastiske japanske kirsebær-trea i byen har knoppar på seg som er på veg ut, og hjertet mitt HOPPA inni meg av glede, og heile meg smilte opp. eg har aldri vore så glad i våren som akkurat i år trur eg. ...sa eg det i fjor og?
heime hos mamma og pappa er det kos i alle rom, og aller best på kjøkkenet for her har vi laga ny fancy bar-benk-ting, som er perfeeekt for pc'en min. snart skal ho der mor lage skillingsbollar her, og då blir det endå koseligare :) i mårra skal eg bake ostekake, gå tur, lese bok, sjå på våren, være glad, og nyte at eg har fri. stiiilig.

på toget i dag var det eit kjærestepar som klina så masse at eg vart flau. og sur. for eg og vil kline tenk.

god påske so han sa. påske er forresten min favoritt høgtid. bedre enn jul. HUNDRE gangar bedre. for våren har ALT å sei. skal tru om ikkje eg såg ein seigemann-pose nede i skuffen der borte...................

Ingen kommentarer: