mandag 18. oktober 2010

"men det fins eit håp!"

ok. no skal eg prøve å sei nåkke.
det er vanskelig å sei nåkke uten å sei at den siste veka har vore veldig trist. men eg føler eg ikkje kan utlevere masse om det her, av respekt for dei som står midt oppi det tristaste av alt, nemleg å miste mammaen sin. men vit det, at empati har fått ein ny betydning for meg, og at min beste venn har det supertungt akkurat no. send han gjerne ein heil HAUG med gode tankar og klemmar <3

når sånt skjer, så blir alt plutselig litt anleis, og alt ein har tenkt om det meste endrar seg litt.
og likevel så fortsetter alt å være det samme, og det er ganske rart i grunn.
min tilværelse som nomande fortsetter, med reising hit og dit, og aldri før har eg hatt SÅ lyst på ein heim som berre er min. eit hus! ein plass eg skal bu lenge, og ikkje berre for ein periode! ein plass som det skal være kvardag og helg i, og jul og nyttår, og vår og sommar, og ingen skal flytte og ingen skal reise, og alle skal berre bli der. det er mitt rare lille håp, og at nokon vil bu der ilag med meg sjølvsagt :) slike ting drøymer eg om no. heilt vanlege, udramatiske, trygge omgivelsar. der eg kan bu lenge :) og der det skal aule av kattar og babyar og alt sånt som er koselig og kjekt og slitsamt på samme tid :)

fred og kjærleik frå meg.

Ingen kommentarer: