torsdag 21. oktober 2010

motivasjon...ein sjelden vare

akkurat no har eg møtt ein ørliten motivasjons-mangel-vegg. dunk sa det. og dei siste vekene har eg ikkje så masse som rørt masteroppgava mi. og eg ser ingen umiddelbar tendens til at det skal betre seg. det føles berre heilt utrulig uvesentlig og unyttig å skrive den, og eg vil heller jobbe på Meny enn å sitte å skrive. crap.
kva gjer ein med slikt? TELL ME!
eg har alltid vore relativt samvittighetsfull når det gjeld skulearbeid, men no står eg ovenfor ein umåteleg stor trang til å berre gi opp. drite i. være uansvarleg. gjere noko totalt anleis og sært, som ingen har trua på, og likevel ende opp med stor suksess og rikdom :) eg ser avisoverskriftene for meg: "dreit i master, vart millionær!" det gir meg ein fryyydefull følelse å skulke unna den oppgava.... fryd i tell you.

ting eg heller vil gjere enn å skrive masteroppgave:
-skrive suksess-roman og bli kjemperik.
-bli veterinær
-bli jordmor
-reise til utlandet og bli der
-jobbe med kva som helst, 9-16, så eg i det minste føler at eg har ein funksjon i samfunnet
-produsere avkom
-bygge hus
-drikke meg drita

(uvesentleg rekkefølge på den lista der, alle punkta er like høgt prioritert).

Ingen kommentarer: