søndag 21. november 2010

valg.

eg har høyrt at mennesket er det einaste levande vesen som går villig inn i farlige situasjonar, sjølv om instinktet vårt seier "fare!"... det syns eg er fascinerande å tenke på. mens løver og flodhestar og ulvar stikk av dersom dei føler seg trua, så går vi menneskje rett uti ting vi er redde for. dette er både bra og mindre bra...trur eg. vår alles kjære Oprah meiner stadig at vi kvinner må bli flinkare til å lytte til instinkta våre. spes når det gjeld skumle menn som vil oss mindre kjekke ting. ein gang fortalde ho om ei dame som følte faresignala komme springande, då ho skulle inn i huset til eks-mannen sin og hente ungane sine. ho merka at han ikkje var seg sjølv, og ville ikkje gå inn, men ho måtte jo.. så ho gjekk inn, og mannen drap ho nesten... ok. ke skal eg liksom tolke ut av det? at kvar gong eg kjenner meg usikker på ein situasjon, og tenkjer "hm...er no dette så lurt" så skal eg springe og gøyme meg istaden? i så fall hadde eg brukt mesteparten av livet mitt på å ligge under dyna...

eg veitsje. å velge er for meg blitt umulig. og magefølelsen på kva som skal skje framover er fråværande. eg er ikkje designa for å måtte bestemme over livet mitt... for eg veit ikkje kva eg vil. eller, det eg vil blir som oftast til ingenting...

og så snart eg bestemmer meg for noko, så ombestemmer eg meg...

kanskje eg er ein hybrid, midt mellom dyr og menneske, som ikkje har instinkta på plass. sånn at eg aldri kjenner fare når eg burde, og overproduserar den når eg ikkje treng... sånn føles det.

mest av alt skulle eg ønske at nåkken andre kunne bestemme for meg.

Ingen kommentarer: