torsdag 15. april 2010

:)

var inne på favoritt-humor-sida mi no. og såg plutselig ein link der det sto: "I'm sad about something". Eg trykte på den, og kom hit! som var ein fin plass å være, så der satt eg litt og smilte.
det minnar meg litt om den lappen som heng på skulen min, på do, der det står: Du veit ikkje kor vakker du er. Det er sjølvsagt banalt, men sånne ting får meg til å smile, kvar gang :) skal ikkje meir til.

hadde det ikkje vore kult om folk begynte å sei fine ting til kvarandre på gata? til folk ein ikkje kjenner liksom? heilt usaklige ting, som feks: så fin du var på håret i dag! til ein totalt fremmed. haha. det skulle vært slik. kompliment til folket!
dei har ein usaklig god effekt. eg er desverre slik, at dersom nåkken ser tre sekund for lenge på meg på gata, så antar eg at det er nåkke gale med meg. at eg har saus i fjeset (hehehe....ok, eg tenkte på tomat-saus, men eg innser at den kan mistolkast), åpen smekk, tyggis på rompa eller nåkke i samme kategori. fra no av skal eg heller tenke at "oj, ho der såg på meg. sikkert fordi eg er så fin på håret/fin i trynet/fin rompe." så. då har vi løyst DET problemet.
apropos saus i fjeset. eg har ei venninne som ein gang på vgs hadde leika med kritt i friminuttet. så ho hadde kvitt støv i trynet. så sa læraren vår, ei relativt dritkul synsk dame: "du har noe hvitt i fjeset..." og fekk svaret: "det e sikkert berre sperm."
DET var ein morsom time.

Ingen kommentarer: