mandag 19. april 2010

måten å ta beslutningar på

det går ikkje an å bestemme seg for nåkke før ein kjenner at ein veit ke ein vil. sant?
og den der "o! SÅNN må det bli"-følelsen, har eg alltid litt vanskelig å få kontakt med. derfor stressar eg ofte inni meg fordi eg ikkje klarar å bestemme. men så ein dag så berre er svaret der, POFF, og då veit eg, og då e det jo ikkje nåkke vits i å stresse i utgangspunktet. eg sender berre ein bestilling på ei løysing, og så jobbar hjernen min med det til den er ferdig. så fra no av skal eg aldri stresse med å ta beslutningar lenger. eg veit jo at eg alltid kjem fram til eit svar uansett :)

denne veka bestiller eg løysing på følgande problem:
-korleis skrive tre oppgåver på ei veke.
-korleis klare seg neste år uten lån.
-kvar bur ein neste år.
-kvar jobbar ein i sommar.
-kva blir ein når ein blir stor.
-korleis få sambuar til å gå med på å skaffe kattepus til meg

sånn. då var det gjort! eg ventar i spaning.

Ingen kommentarer: