lørdag 11. oktober 2008

i dag har eg:

-fått kjeft av sjefen
-nesten begynt å grine på lageret etterpå
-vore vitne til at ein full gammal mann skjelte ut ein søt liten gutt for INGEN grunn, så den lille gutten blei så vettskremt at han grein i ti minutt etterpå. 
-handsama ein full gammal mann som prøvde å kjøpe øl av meg
-vist omsorg (!) for ein full gammal mann, som til slutt var snill som eit lam
-fått kjeft av kunde som var bunnlaust skuffa over det meste egentlig
-gjort trettitusen ting samtidig

og atpåtil vore fyllasjuk.......... ikkje ein bra dag så langt med andre ord! men no skal eg kose ræva av meg resten av dagen! for eg har snop, film, greys anatomy, god middag, rosa pysjamas, fanta b'good, og masse meir fint :) 

Ingen kommentarer: