onsdag 29. oktober 2008

romantikk

eg er litt anti-romantisk. det vil sei, at når ting blir såkalt romantisk så frika eg ut. feks. har eg aldri likt å få blomster, stearinlys er æsj, fancy middag er teit osv osv. då vil eg mykje heller bli servert ein kald øl på sofaen, ete take-away pizza i senga mens ein ser film, erte-krangle, og få ein sms der det står nåkke morsomt. skjønna? eg vil rett og slett ikkje ha det som er klassisk romantisk. det får meg til å bli litt kvalm faktisk. 
feks: det mest romantiske med sex og singelliv er ikkje nødvendigvis big og carrie, men steve og miranda! der miranda frir til steve over ein utepils, ein formiddag i new york. sånn ska det være :) :) favorittfilmen min, når det gjeld romantikk, er reality bites. FAN-tastisk film. skulle tru den var laga spesielt til meg og mine sære preferansar. der har vi troy og lelaina, som hatar trynet på kvrandre, som alltid kranglar og kjeftar på kvarandre, og der han er den klassiske drittsekken som ligge rundt med alle, og aldri ringer tilbake. .......men samtidig så er lelaina den einaste som ser troy for den han egentlig er, og "avslører" han. og troy diggar lelaina, han berre tørr ikkje innrømme det for seg sjøl. eller ho.
men så ........... <3

i den filmen fins etter mi meining den søtaste historien, det beste film-kysset, den søtaste "eg elska deg"-scena, osv osv. og historien deira er fri for roser, fine middagar, og stearinlys. istaden har dei øl, pizza, og krangling ;)

"i want love, baby, love. and not trouble."


Ingen kommentarer: