torsdag 9. oktober 2008

jobb... always a pleasure.

du veit du har hatt ein bra dag på jobb når du omsider er så lei av å banne, at det einaste du gidda å bruke energi på å sei til deg sjøl når ENDA ein ny artig "krise" oppstår er: FITTEKUK. 
eg trur eg sa det ordet 79 gonger i dag. 

det var ein sånn dag der alt som kunne gå gale gjekk gale, når det ikkje måtte gå gale. hurra for det! i tillegg så pisseregna det akkurat når eg skulle gå heim. store feite kuk-dråpar som plaska seg ned på heile meg, og eg gjekk og sutra for meg sjøl, og ikkje ein gang bob kunne redde meg frå fortapelsen. på sånne dagar er det berre ein ting eg får lyst til, og det er å ligge under dyna med ein fin film og ete eitt eller anna usunt. men det har eg vel egentlig gjort nok i det siste.
men men. det var tross alt ein dagen derpå. ke kan ein forvente? i går var eg shjempe sånn der full. sånn går det når ein e på quiz og får mannen til å spele alle dei beste sangane som fins der ute, og til og med møter folk som har akkurat dei samme favoritt-sangane som du har. då er det lett å pilse seg litt forbi det som er fornuftig, og tenke at livet er til for å bøllast med ;) spesielt når trine gir meg øl, og er søt, som ho alltid er. and her hair was still red :) (hei trine!)
eg hoppa og spratt meg bortover bryggen mens beach boys, the byrds, beatles og bob sang til meg, og torunn dansa meg i møte og vi lo masse. 

trur eg <3 

Ingen kommentarer: