torsdag 4. desember 2008

perfeksjon

eg har ein ting for perfekte setningar. eg kan ikkje gi ein klar definisjon på kva ein perfekt setning er. dei dukkar plutselig opp midt i ei bok. ofte som avslutning på eit avsnitt. ein slags oppsummerande beskrivelse, sagt så fantastisk perfekt at eg berre må stoppe opp og tenke : JEPP. der var den. perfeksjon. 

her er ein slik:

"They passed Tarrytown and the Tappan Zee, where rolling jolly fields were the skirts to craggy thunderous mountains, and orchards came fearlessly to the base of cliffs." 

(frå boka Winter's Tale av Mark Helprin)

det er noko med rytmen, mengden ord, meininga, og timingen. i like it, like it, like it. 
problemet mitt er at eg gløymer å skrive ned alle dei perfekte setningane eg kjem over. og så forsvinn dei. eg skal begynne å skrive dei ned. alle sammen. slik at eg kan samle på dei og ta dei fram når eg treng dei. 

Ingen kommentarer: