fredag 12. desember 2008

tiden går, jula består

Det er når det blir jul at ein oppdagar kor fort tiden går. For det var jo nettopp jul! og så POFF så er det jul igjen. Eg har eit ambivalent forhold til denne festlige ferien. Av mange kompliserte grunnar. Jula er så full av motsetningar på eit vis. For det er så mørkt og kaldt og dystert egentlig, sånn natur/årstid-messig. og det har ein tendens til å påvirke meg veldig. Men så er det så super-über koselig og lyst inne, og overalt ellers. Eg lika best 1. juledag i grunn. Det e då det VIRKELIG e koselig med jul. På 1. juledag skal ein etter mi oppfatning labbe rundt i pysjen (sjøl om VISSE brødre ikkje godtar dette) og drikke te og kaffi all over the place mens ein ser film, eller spelar scrabble med kranglevorne brødre og litt for engasjerte fedre, og litt for uengasjerte mødre ;) og så skal ein sitte i stova når alle andre har lagt seg og sjå på juletreet. berre sjååå. og skru av alle lysa utenom treet. og ete mandarin. og så skal ein drømme om det ein vil ha i livet. og drømme det sant. for jula er jo litt magisk sånn. 

eg blir ofte veldig forandra etter ei jul. det er forandringens tid for meg. og eg elskar å begynne på eit nytt år. dette året som har gått har rett og slett vore eitt av dei verste åra i mitt lille liv. så det er med glede eg seier farvel til 2008... eg er SÅ klar for eitt nytt og betre år :) med blanke ark og fargestiftar tæll. 

ein gang i mars...trur eg...for snart eitt år sidan, satt eg på ein benk i bergen by og hadde det slettens ikkje særlig bra. eg ville helst at alt skulle ordne seg berre eg knipsa med fingeren, og blei håplaust forferda viss nåkken ymta om at det kanskje tok litt lenger tid før ting "ordna seg". då høyrte eg denne sangen her... og tenkte hjeeelp, tenk om ingenting ordna seg akkurat no, og eg må vente heilt til JUL før eg har det bra igjen!? ......no har det seg slik at eg har holdt ut alle dei dagane innimellom. ved hjelp av litt magi og litt bedøvelse, og litt glede, og ein stor dose søte venner som heldigvis aldri gir meg opp sjøl om dei absolutt ikkje forstår meg ;) ...please hold ut med meg litt til, for eg gjør så godt eg kan.

from all of me to all of you a very merry christmas <3

Maybe this christmas-Ron Sexsmith

Ingen kommentarer: