søndag 16. mai 2010

broken hearts broken bones

eg trur universet har hatt diverse høner å plukke med meg den siste tida, men etter denne veka kan det no sjå seg tilbake, og være godt nøgd med jobben sin. eg trur tankegangen kan ha vore ca slik:

1: kristin tar litt for lett på statistikken sin, vi stryke ho sånn at ho skjønna alvoret. accomplished.

2: kristin lo litt for rått då ingvild braut fingeren sin på fylla. vi må få ho til å bli meir ydmyk. korleis? knekke fingeren hennas sjølvsagt.

3: kristin har knust eit hjerte, aha! vi lagar ein kreativ twist-combo av punkt to og punkt tre: han som fekk hjertet sitt knust, skal få lov å knuse fingeren hennas. accomplished!

4: kristin har ein irrasjonell frykt for beinbrot. vi lagar brotet så komplisert som mulig, og får legen til å trekke og dra i fingeren hennas for å korrigere dette. sleng på ein trussel om kirurgiske inngrep i tilleg, for å gjere angsten komplett. fear is hereby faced, og overvunne?

5: kristin er litt for dårlig på å være glad på andre sin vegne. vi får bestekompisen hennas til å vinne fleirfoldige tusen kroner i lotto mens ho sjølv blir torturert på legevakten. berre for å understreke poenget.

ikkje berre må eg sitte med statistikkoppgava mens alle andre er på fylla og har det kjekt, eg må skrive den ferdig med intense smerter i fingeren samtidig. paralgin forte er det einaste som hjelper, men det kan eg ikkje ta for då blir eg så trøtt at eg sovnar. så..
thank you universe, i love you too ;) 

Ingen kommentarer: