torsdag 13. januar 2011

når ein er sjuk

i dag har vore ein skikkelig sofa-dag. eg e litt sjuk, og syns fryktelig synd i meg sjøl ;) har sett på favoritt-skrekkfilmen min Skyggen fra fortiden, og drukke cola tenk.
ellers MASA folk kontinuerlig som vanlig... dei spør eit spørsmål, og så tyte dei sånn at ein egentlig ikkje har plass til å svare. evt svara dei på sine eigne spørsmål. eg har begynt å berre sei "HÆÆÆÆ." til alt dei spør om, og så svare "veit ikkje." etterpå.
nok om det. trur mamma har funne ut at eg har ein blogg, så ho kjem vel til å google meg til ho finn denna. unnskyyyyld.

hadde siste dag på meny i går, og kjente det var litt deilig. ikkje lenger fanga på voss! JUBEL! men må sei det at voss byr på usedvanlig kjekke kollegaer <3

så no er livet mitt nok ein gang ope for tolking, og eg brukar ventetida på strikking og litt små-designing, noko de kan sjå resultatet av her på bloggen. eg har tenkt mykje på denne bloggen i det siste, og lurt på om eg burde ha eit klarare konsept... ein har jo som oftast eit tema, eller eit mål med ein blogg. men for meg blir målet rett og slett å ikkje ha noko mål. eg seier det som ramla meg inn, fordi eg likar å skrive, og så får dei som gidda å lese det gjere akkurat det. men å lage eit konsept berre for å lage det, deeeet gidda eg ikkje.
bloggen kan sjåast som eit bilde på livet mitt... rotete, til tider meiningslaust, trivielt, prega av voldsomme emosjonar ;)

take me or leave me.
peace <3

Ingen kommentarer: