onsdag 19. januar 2011

life, and how to live it.

i dag er ein relevant dag. i dag fekk eg meg eit liv. etter ein evighet uten eit. i dag bestemte eg nemlig tre ting. tre store ting. på ein dag.
eg flyttar. eg begynnar i ny jobb. eg skal ikkje drite i masteren, men eg skal gjere det anleis, og på min måte.

eg er glad. i dag.

det er nåkke med det, at ein kan tvile og tenke og tvile aldri så lenge. og mens ein tvilar så kjennes det ut som ein ALDRI skal finne ut kva ein har lyst til. og at tvilen alltid skal vedvare. og så ein dag berre veit du. og då kjenner du at du har visst heile tida. åååå så klisjé. men det er jo sånn det er! eg skreiv akkurat ein mail til skulen min, som berre rann ut av fingrane mine. den mailen har eg gått og grubla på i seks mnd. heilt seriøst. så lang tid tok det før eg klarte å sei det som eg skulle sagt for lengst. at detta ekje rett, og eg vil ikkje gjere det sånn. eg er så glad for at eg endelig klarte å sei kva som var greia!!

eg er optimistisk og letta og glad. det er eg. og så får skulen min sei ke dei vil, for eg er meg og dei er seg, og eg drite vel langt i ke dei vil at eg skal gjere. det er mi oppgave. og mitt liv.
og eg tåler for første gang at alle er uenige i valga eg tek, for dei kjenner ikkje meg like godt som eg gjer :) hurra!

som eg sa ein gang eg hadde drukke litt: i kove the 5ife.
det var ein sms til ein venn. trur eg meinte: i love the life ;)

sjelden finn ein songar som passar perfekt. men her er ein sånn:
The Avett Brothers – Head Full Of Doubt/Road Full Of Promise

"Decide what to be, and go be it." syng dei. eg lika det.

Ingen kommentarer: