søndag 2. januar 2011

søvnlaus

siden eg uansett ikkje får sove, og eg tross alt har prøvd i tre timar og trettisju minutt, fann eg ut at eg like godt kunne stå opp. så. tralala. her sitte eg. ke kan ein finne på klokka halv fire om natta egentlig? jo. skrive blogg. det kan ein. kanskje eg skal skrive ei liste over ting eg har lyst å bli flink til? som slags nyttårsforsett, eller levereglar? eg les ei bok som heiter The Happiness Project av Gretchen Rubin. den er utrulig oppmuntrande og motiverande, og handlar om korleis ei dame tok små enkle grep i livet sitt for å føle seg meir lykkelig og glad. ho laga ei slags ti bud liste. personlege levereglar om du vil. det syns eg var lurt. mi liste vil sjå omtrent slik ut:


1. Vær Kristin. (denne har eg rappa frå frøken Rubin).
Altså: vær deg sjølv, men også: finn ut kven dette eigentleg er. slutt å gjer ting som andre gjer, fordi det høyres lurt ut. gjer det som gjer Kristin glad.

2. Bagatelliser ting som overveldar deg.
tenk feks: det er ikkje verdas undergang om slik og slik skjer, det berre kjennest slik ut akkurat no. det går over.

3. Du treng ikkje sei alt det negative du tenkjer. La det fare. Let go.

4. Vær snill.

5. Våg å være/Tørr å spørre.

6. Vær Ærlig.

7. Vent litt.


Det var alt så langt. kanskje eg legg til fleire punkt når eg kjem på dei.

Ingen kommentarer: