fredag 14. januar 2011

prosjekt!

ein film som virkelig inspirerte meg no nettopp: Julie & Julia. ikkje berre fordi Meryl Streep er heilt amazing morsom i den, men fordi eg berre ER hovedpersonen Julie, på alle punkt. dikka får sjå filmen, for den er skikkelig bra.
anywhooo. ettersom eg kan ha ein tendens til å syns at livet er meiningslaust, så har eg i det siste jobba for å lage meg nåkken prosjekt som kan være heilt heilt banalt konkrete. slik at eg kan ha nåkke å gjere rett og slett. og å glede meg til å gjere. eitt av desse prosjekta er matlaging :) dette er også greia med filmen eg nevnte. så eg herma rett og slett litt.
eg har kjøpt meg tre notatbøker, og i dei har eg skreve ned ulike typar oppskrifter som eg har komme over, og som eg har lyst å lage/aldri prøvd. og så når eg lagar dei, kan eg liksom hake av oppskrifta i boka og føle at eg har oppnådd stoooore ting ;) eg elskar å lage mat, derfor er dette eit ekstremt BRA prosjekt :) eg merka eg blir motivert av det rett og slett. ho i filmen tar for seg heile kokeboka til Julia Child, og skal gjennom den i løp av 365 dagar. eg har ikkje så strikse målsetjingar, men eit av årets oppgaver blir rett og slett å bake og koke meir! hurra!
akkurat no har eg brownies i ovnen, og gledar meg til å ete om ca ti minutt!

Ingen kommentarer: