tirsdag 31. mai 2011

the good girl

o! eg veit ein film dikka må sjå. den beskrive livet mitt. på ein prikk. berre i litt feil rekkefølge, på ein måte. når eg såg den så tenkte eg berre JA. utrulig godt skildra. sånn kan livet være. og søte jennifer aniston, som alltid er så glamorøs, ser ut som ein dass i denna filmen, men er likevel pen. den handlar om å ha eit ubeskrivelig kjedelig liv, på ein bitteliten plass, med ein kjedeleg mann som ikkje forstår ho, og ein kjedeleg jobb. og jennifer er så flink å spele apatisk og deprimert.. hjarte. i tillegg er zooey deschanel med, og ho er alltid heilt rå i alle roller. alltid ufrivillig morsom og sær. og så seier dei så masse fint. berre sjå den.












Ingen kommentarer: