torsdag 5. mai 2011

ting som går an å hate.

hallo.

eg er litt som eit lemen for tida. her kjem nåkken eksempel på det.

her i huset har vi EIN brødkniv. ein. sånn som eg tenke, så e det lurt å alltid bruke brødkniven berre til brød. viss ein gjennomfører denne enkle prosessen, så kan brødkniven nemlig holdast i bruk over lengre tid, utan at den treng å vaskast så veldig. nåkke eg syns er gøy og praktisk. DET VERSTE EG VEIT, er å komme på kjøkkenet om morningen for å lage skive, og så ligge brødkniven i ein kald våt dam nede i vasken, mens den sannsynligvis har masse sursild/rødbet/kjøtt på seg. dette er faktisk ein hendelse, gjentatt mange nok gangar, som får meg til å grine. heilt alvorlig. evt grine mens eg skrike EG ORKA IKKJE BU HER LENGER! (så kjem eg på at kanskje eg ropte så høgt at naboen hørte meg og trur eg er gal). men vi har tross alt 53 andre kniva, som kan brukast til ALT, inkludert sursild, kjøtt og agurk. dei berre ligge der til bruk og glede. men NEIDA, HER I HUSET SKAL VI KUUUUN BRUKE BRØDKNIVEN, OG I ALLEFALL IKKJE VASKE DEN ETTER OSS.

neste punkt. negleklypparen. ein relativt ekkel innretning. som ein gjerne brukar på badet. problemet oppstår, når den til ein kvar tid befinne seg alle andre plassar enn akkurat på badet. gjerne på kjøkkendisken. heilt heilt alvorlig. KEM legge ein NEGLEKLYPPAR PÅ KJØKKENET. eg berre spør. sjuke folk. sjuke sjuke folk gjer sånt.

punkt tre. innholdet i kjøleskapet.
eg e HATA å ikkje ha kontroll på kor gamle ting er. eg har strenge reglar for kor lenge ting varer. her i huset, har vi heilt andre reglar for sånt. vi serverar rømme som er frå i fjor, oliven som smakar HØGG fordi dei har stått i tre veker, og vossafår som ser ut som grått tørka spy. snart skal eg jaggu meg få mitt eige kjøleskap, og eg gleda meg så JEEEEVLIG masse. og så kjefta dei på MEG, og påstår eg har bakteriefobi og sånn. eg berre. viss eg har bakteriefobi, så har dei det motsatte. bakterie-elsk. nåkke eg ser på som meir unormalt enn nevnte fobi.

punkt tusen.
alt skal kommenterast. alle tv-program er vidunderlige og fulle av fantastiske opplysningar, som må gjentakast etter programmet er slutt, berre for å understreke kor fantastisk det var. eg har slutta å sjå på tv, berre fordi eg ikkje ORKA å høyre alle kommentarane som hagla rundt meg.

punkt fem tusen.
pusestemme. når eg kjem heim frå jobb, har eg som regel lavt blodsukker, og er sliten. aka DRITsur. heldigvis syns dei folka her at det er den perfekte anledning til å spørre korleis eg haaaar det, om det var slitsomt på jooooob, om eg vil ha litt maaaaat, og så skal dei fortelle om eit fantastisk tv-program dei har sett mens eg var vekke. no tenkjer du kanskje at eg er ein drittunge, som tross alt berre har omsorgsfulle foreldre. ja, kan godt hende. men det e like irriterande uansett.

punkt 93
eit visst kvinnemenneske her i huset, har ein tendens til å bråke. sånn for seg sjølv, på kjøkkenet feks. klirr, dunk, kræsj, bang. alt det der. og så seier kanskje eg og han andre nåkke til kvarandre. og då registrerar ho på kjøkkenet at nåken faktisk seie nåke, og utbryt momentant "HÆ!?" mens ho stoppar i den bevegelsen ho er i, og blir musestille. så må vi rope, "det var ingenting/vi snakka ikkje til deg!" "Ånei." svarar ho då. og så bråka ho videre. eg meina...kor eg logikken. ho står i eit bråk uten like, og høyre at nåkken med normal innestemme pratar i eit anna rom. KOR naturlig er det å sei hÆ!?!?!?!

i tillegg til dette er det veldig viktig å IKKJE skaffe seg eit håndklestativ, men heller legge alle brukte håndkle overalt på/over/atmed dusjen, sånn at ein må grave seg fram og ommøblere heile badet før ein kan TENKE på å ta seg ein dusj. men eg burde tross alt være takknemlig, dei skaffa ny varmtvannstank berre for meg.

Ingen kommentarer: